Framsida
Velkommen
Oslokappleiken
Musikkfest Oslo
Historien
Medlemskap
Kontakt

Primstaven
Ingen arrangement er lagt inn.



 
 
Historien i korte trekk
søndag 12. august 2007

I 1903 vart det som no heiter Laget for Folkemusikk skipa i Kristiania. Spelemenn som kom til hovudstaden frå bygdene hadde trong for ein stad der dei kunne møtast og spela. I laget, som fram til 1931 vart kalla "Huldraleiken", møttest nokre av dei berande hardingfelespelemennene i landet. Dei skapte miljø og dreiv med opplæring.

 bolstad-londal-boe_250_pixel.gif









Torleiv Bolstad, Kjetil Løndal og Ola Bøe 

 
 
 
 dagnemagnenordjordet1965_250_pixel.jpg

 Dagne Groven Myhren og Magne Myhren

 
 tre_spelemenn_spelar_for_to_dansarar_250_pixel.gif

 Tre spelemenn spelar til dans på Bygdøy

Tidlegare var LfF stort sett eit reindyrka hardingfelelag, men vanleg fele, kveding og eldre folkemusikkinstrument fekk snart meir rom, og laget vart ei verpekasse for unge folkemusikarar.

Medlemstallet heldt seg på kring 30, men i dag er det kring 140, og leiar er folkedansaren Anne Røine.

"Huldraleiken" vart skipa av felemakar A.C. Kleven frå Krødsherad og Gudbrand Røine frå Øystre Slidre. Alt fyrste året fekk laget i stand kappleik der Torkjell Haugerud frå Telemark og Olav Moe frå Valdres fekk 1. premie.

I 1908 kom Eiliv Smedal frå Seljord og Henrik Gjellesvik frå Haus i Nordhordland til hovudstaden. På eit bilete frå 1930-åri finn me m.a. Ola Evju, Henrik Gjellesvik, Eivind Groven, Gudleik Haugen (Vestre Slidre), Sigbjørn Bernoft Osa, Talleiv Røysland og Alf Aasnes.

Under krigen lå laget nede. Etter krigen sette Kjetil Løndal og Henrik Gjellesvik ny kveik i det. Snart kom og ein flokk valdrisar med, Torleiv Bolstad, Ola Bøe, Gullik Haugen, Arne Røine og Olav Øyråker. På denne tida dukka også Magne Manheim og den fyrste byguten, Bernt Balchen, opp. Han fekk lære å spela hardingfele og har drive det langt som spelemann.

Åri frå 1950 til fram mot 1980 vart det skipa til konsertar kring i bygdene, ofte saman med lokale spelemannslag. Soleis gjorde valdresspelemennene i laget opptaket til å reise ein minnestein over Jørn Hilme. Mykje av pengane kom inn med konsertar som LfF heldt i dalen.

I samarbeid med Rolf Myklebust (åri 1952 - 78) vart det laga mange program i radio. Laget skipa til landskappleik i 1946, 1948, 1953 og i 1981. Fylgjande spelemenn frå laget har toppa landskappleikene, sume fleire gonger: Henrik Gjellesvik, Odd Bakkerud, Kjetil Løndal, Torleiv Bolstad og Ola Bøe (hardingfele), Pål Skogum, Reidar Skjelkvåle og Arne Sølvberg (vanleg fele). Fleire er å høyre på ein CD som laget ga ut i 2003 samarbeid med plateselskapet ta:lik .

Kilde: Teksthefte til CD'en "Solo og samspel" Laget for Folkemusikk 100 år
Dagne Groven Myhren og Magne Myhren

 


Sist oppdatert ( torsdag 06. mars 2008 )
 
 




 
© 2010 Laget For Folkemusikk

Hosted by: SPIFO LIMITED | Powered by: GoEdit™ / JOS | GoEdit™ a SPIFO LIMITED trademark.
Version: 12D2