Framsida
Velkommen
Oslokappleiken
Musikkfest Oslo
Historien
Medlemskap
Kontakt

Primstaven
Ingen arrangement er lagt inn.



 
 
Pressemelding Oslokappleiken 2009
Skrevet av Administrator   
tirsdag 03. november 2009
Slåttestrofer med gammal tonalitet spela av Leif Inge Schjølberg i hovudet er bakgrunn for å melde ein av dei støre kappleikane i laget si nyare historie. 144 startande og 51 numre er om lag 30% auke frå i fjor. Og kvaliteten på deltakarane var jamt over svært høg. Jon Aarekol og Ingvild Lie leia kappleiken med god støtte frå kappleiksleiaren Tone Eidsvold. Norsk Folkemusikksamling ved Hans Hinrich Thedens filma kappleiken for arkivet.

Konserten med Leif Inge Schjølberg fredagen (30 okt) portretterte ein kreativ og mangfaldig musikar som formidla stoff etter kjelder med heilt ulik tonalitet, rytme, stemning og spelestil. Han hadde og med to eigne slåttar. Eit av innslaga var faren Ivar Schjølberg som spela eit porpuri av songtonar. Det var musende stille i salen. Var det fleir som kjende att noko? Me fekk og høyre tre generasjonar Schjølberg spela gneistrande dansespel. Sønene Anders og Eirik spela til dans og stilte med faren på kappleiken Laurdag. Anders vann C-klassa på fele og reiste med karbonfiberbogen.

Hardingfele A vart vunne av Anne Hytta frå Tuddal Spelemannslag som da fekk fyrste nappet sitt i pokalen gjeve av Marianne Berg. B-klassa vart vunnen av Alexander Røynestrånd frå Hardanger. Sivert Holmen frå Valdres vann hardingfele klasse C og karbonfiberboge. Eldste klasse på hardingfele hadde ein deltakar: Einar Øverland som og stilte i vokal. Fele klasse A vann Erlend Viken

Rikke Van Ommeren sikra seg fyrste nappet i vandrepremien for durspel, Ingvild Lie fekk nytt napp for vokalklassa og Kenneth de Gala fekk napp for beste danspespelemann. Numedalslaget i Oslo sikra seg andre nappet i vandrepremien for lagdans.

Sjokoladekappleiken for de aller minste samlet 30 unger til uformell tevling som vart leia av Lars Underdal og Marit Vestrum.

Dommere i spel

Øyonn Groven Myhren

Eilif Gundersen

Eilev Groven Myhren

Dommere i dans

Renate Nysted Tønnessen

Minna Wetlesen

Dagfinn Krogsrud

Beste deltakere

Beste dansespel: Kenneth de Gala

Beste dansepar hardingfele: Torkjell Lunde Børsheim og Anna Nergaard Rathe

Beste dansepar fele: Elin Eidsand og Pål Anders Sveen

Beste lausdans: Bjørnar Blaavarp Heimdal

Best på hardingfele: Anne Hytta

Best på vanleg fele: Erlend Viken

Best på durspel: Rikke Van Ommeren

Beste utøver i vokal folkemusikk: Ingvild Lie

Beste lagdans: Numedalslaget i Oslo

Takk til dugnadsfolkene

Takk til alle som hjalp til med å gjere arrangementet mogleg: Dommerne, Barnelaget i BLS, Telelaget, Numedalslaget, Valdreslaget, Hallinglaget og Sogn og Fjordaneringen i Oslo, Saffa, Spelemannlaget de Frilyndte og Bærum Spelemannslag, spelemennene Ragnar Heyerdahl, Erik Sollid, Lars Underdal, Laura Ellestad og Mats Johansson.

Hilsen styret i Laget for Folkemusikk i Oslo v/ Anders Buen

Sist oppdatert ( tirsdag 03. november 2009 )
 
OSLOKAPPLEIKEN 2009
Skrevet av Administrator   
tirsdag 06. oktober 2009

Oslokappleiken 2009 arrangeres 30 og 31 oktober i Nordahls Brunsgate 22.

Fredag 30.oktober

kl 20.00: Konsert med Leif Inge Schjølberg

Leif Inge Schjølberg frå Vågå er fødd i 1966. Som åtteåring byrja han på felekurs hos Hans H Holen i Vågå, og elles lærte han av bestefar sin, Leif, og far sin, Ivar Schjølberg, som òg er av dei fremste spelmennene våre, mellom anna med Kongepokal. Men han har og lært av, Ola K. Flaten, Petter Eide, Ola Opheim, Jacob Skogum, Mathias Bergsvendsstuen, Hans H Holen og Kristian Gården

Leif Inge har eit stort og allsidig utval av slåttar, både dei eldste leikane og gammaldans. Sjølv om det meste er frå Vågå, har han òg slåttar frå andre stader, t. d. frå heim-traktene til faren, Ålen i Sør Trøndelag. Han har og laga leikar sjølv.

Spelet til Leif Inge er utovervendt og storfelt, men samstundes spelar han vàrt der det høver til musikken. Han har eit personleg uttrykk med vekt på ornamentikk og variasjon. Ikkje minst er han oppteken av detaljane i leikene. Han legg opp til eit spel som har appell både til å lyde og danse til.

I mange år har han vore fele- spelmann i Visdals kvintett, ei gruppe som har spelt mykje til dans og delteke på mange tevlingar. Gruppa har ein kassett og to Cd-ar bak seg og har tre sigrar i gruppespel på Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Tre gonger har han vunne klasse A på landskappleiken og tre gonger distriktskappleiken. Elles har han reist og halde konsertar i Sverige og Danmark og har halde kurs i England og USA fleire gonger.

Leif Inge har fått Norsk folkemusikkfonds pris for unge utøvarar, Hilmar Alexandersen sin minnepris og Kulturprisen for Gudbrandsdalen. Han har 2 solo utgjevingar ”Storsagje” og ”fele-ljom”.

Lørdag 31.oktober

kl 11.00: Sjokoladekappleik - gratis deltakelse (påmelding fra kl 10.30 til 11.30)

kl 13.00: Kappleik (påmelding fra kl 11 til 15) Alle klasser

kl 20.00 - 01.00: Fest med dans 

Spelemenn, mellom anna: "De Frilynte", Lars Underdal, Erik Sollid, Bærum Spelemannslag, Hilde Kirkebøen, Marit Vestrum
Sist oppdatert ( tirsdag 06. oktober 2009 )
 
Oslokappleiken 2008
Skrevet av Administrator   
torsdag 21. august 2008

Takk til alle som hjalp til under Oslokappleiken 2008. Velkommen igjen i 2009...

Oslokappleiken 2008 arrangeres 14.-15.november i Nordahls Bruunsgate.

Fredag 14.november

kl 19.00: Konsert med Frank Rolland

Frank Henrik Rolland fra Ulvik i Hardanger, er en av de fremste yngre utøverne vi har på hardingfele. Frank er i disse dager aktuell med sin første solo plate "Frank Rolland". Frank har vert Fylkesmusiker i Hordaland siden 1996 og har tilhold på Hardanger folkemuseum. Han har vist spesiell interesse for eldre hardingfeler og holder i hevd og lærer videre den solistiske hardingfeletradisjonen i Hardanger. Frank har hovedsakelig lært av Knut Hamre og deltar blant annet på plata Håstadbøslåttar, som ble spellemannsprisnominert i år 2000.

Kl 20.30 - 01.00: Fest med dans

Spelemenn: Mats Johansson, Bente og Marit, Øvrevoll spelemannslag, Britt Pernille Frøholm, Gamlebanken light og Mari Skeie Ljones

Lørdag 15.november

kl 11.00: Sjokoladekappleik - gratis deltakelse (påmelding fra kl 10.30 til 11.30)

kl 13.00: Kappleik (påmelding fra kl 11 til 15) Alle klasser

kl 20.00 - 01.00: Fest med dans 

Spelemenn: Britt Pernille Frøholm & Elisabeth Eikås, Erik Sollid, Tellef og Guro, Marit og Bente, Øvrevoll Spelemannslag, Bærum spelemannslag, Gamlebanken m venner (Spelemannslaget For Dei Som Kan Stemme Felene Sine Sjølv)
Sist oppdatert ( tirsdag 06. oktober 2009 )
 
Minnekonsert etter Kjetil Løndal 16. november
søndag 12. august 2007
I år er det 100 år siden Kjetil Løndal ble født. Telelaget i Oslo og Laget for folkemusikk vil i den forbindelse arrangere en minnekonsert og fest, fredag 16. november, dagen før Oslokappleiken. Både minnekonserten og kappleiken skal være i Nordahl Brunsgate 22 (BLS).

Plateselskapet Ta:lik vil gi ut plate CD med Kjetil og kvelden vil derfor også innholde et realt plateslipp!

Medvirkende på konserten: Dagne Groven Myhren, Hauk Buen, Hallvard T. Bjørgum, Lillebjørn Nilsen, Kjell Chr. Midtgaard, Erik Sollied, Karin Brennesvik og Telelaget i Oslo.

Konserten er støtta av Norsk Folkemusikk- og dansarlag (NFD)

Sist oppdatert ( torsdag 08. november 2007 )
 
Oslokappleiken 2007
søndag 12. august 2007
I år arrangeres Oslokappleiken og lagets julefest som ett arrangement. Dette er lagt til 17. november.

Både kappleiken og festen blir i år holdt i Bygdelagssamskipnaden i Nordahl Brunsgate.

Kl 11 er det Sjokoladekappleik for barn og unge. Gratis påmelding!

Den tradisjonelle kappleiken starter kl 13, og det er påmelding fram til kl 15.

I tillegg til de vanlige klassene er det Åpen klasse og en pris for beste nylaga låt. Det er ingen forhåndspåmelding eller forhåndssalg av billetter (hverken fredag elelr lørdag)

Det blir servering av mat og drikke hele helga! Velkommen!

Sist oppdatert ( onsdag 21. november 2007 )
 
 




 
© 2010 Laget For Folkemusikk

Hosted by: SPIFO LIMITED | Powered by: GoEdit™ / JOS | GoEdit™ a SPIFO LIMITED trademark.
Version: 12D2